«Me kan ikkje akseptera den menneskelege tragedien som utspelar seg på øya Lesvos i Hellas»

VIL EVAKUERE BORNA: Silje Sværen, kommunestyrerepresentant i Hjelmeland (SV) og Anniken Tjøstheim, kommunestyrerepresentant i Strand (SV) ber om at borna i flyktningleiren Moria evakueres.

VIL EVAKUERE BORNA: Silje Sværen, kommunestyrerepresentant i Hjelmeland (SV) og Anniken Tjøstheim, kommunestyrerepresentant i Strand (SV) ber om at borna i flyktningleiren Moria evakueres. Foto:

Av

– Evakuer borna i flyktningleiren Moria! skriv Silje Sværen (SV) og Anniken Tjøstheim (SV).

DEL

MeningerMe lever i ei heilt spesiell tid. Koronakrisa som skakar ei heil verd, gjer at mange no kjenner på ei ny uvisse. Krisetid er likevel ei tid for solidaritet!

Me kan ikkje akseptera den menneskelege tragedien som utspelar seg på øya Lesvos i Hellas. I flyktningleiren Moria, bygd for å vera mottakssenter for 3000 menneske, bur det no meir enn 20.000 barn, vaksne og eldre. Flyktningar som manglar mat, tilgang på reint vatn, tak over hovudet, sanitæranlegg, helsehjelp og medisin, klede, sko og skulegang. Det lille som finst blir i stor grad skaffa av frivillige organisasjonar.

Hjelpearbeidarar rapporterer om tilhøve så umenneskeleg at det nesten er umogleg å førestille seg korleis livet er for dei 7.500 borna som veks opp der, og ei rekkje hjelpeorganisasjonar har vore nøydde til å avgrensa aktiviteten sin av omsyn til eigen tryggleik. Ein barndom i Moria-leiren må kjennast uendeleg, eit uendeleg mareritt som ikkje forsvinn når ein vaknar.

No kan marerittet i Moria ende opp i ein katastrofe. Kva som skjer når koronaviruset får breie seg i ein leir der 20.000 menneske deler på plassen til 3.000, der det ikkje finst nok såpe og vatn, der 200 personar deler på kvart toalett, og der mange er sjuke og har dårleg helse, er vanskeleg å førestilla seg.

Det er no me må vise kva me som nasjon er skapte av, og vise solidaritet med ungar som lever i ufatteleg naud. Me må handle medan det enno er tid. Det er ingen grunn til at Noreg skal sitje og vente. Ei rekkje land har gått føre, og no må me følgje deira eksempel. Lat oss starte med dei mest sårbare, og sørge for at borna i Moria kan vakne opp frå marerittet i ei varm seng i eit trygt land.

Artikkeltags