Nei til nedlegging av Nordre Strand oppvekstsenter

KRITISK: Asle Krogevoll meiner det er dårleg og lite langsiktig politikk å leggja ned ein utkantskule som den på Fiskå.

KRITISK: Asle Krogevoll meiner det er dårleg og lite langsiktig politikk å leggja ned ein utkantskule som den på Fiskå. Foto:

Av

– Det er diverre ofte så altfor lett å fremje forslag som rammar utkantane, istaden for tiltak i meir sentrale strok av kommunen! Dette tilfellet vitnar om manglane forståing av kor viktig NSO er for oppretthalding og auking av busetnad her nord, meiner Asle Krogevoll.

DEL

MeningerI rådmannen sitt forslag til budsjett for 2020 blir det tilrådd å legge ned Nordre Strand oppvekstsenter.(NSO) Dette synest eg, og mange med meg, er svært dramatisk, og vil gjere mitt for at det ikkje skjer!

Mange tilsette og born ved NSO, i tillegg til busette elles, er i stor sorg over dette forslaget. Folk i regionen viser stort engasjement for bevaring gjennom oppslag i media, underskriftkampanje m.m.

Er diverre ofte så altfor lett å fremje forslag som rammar utkantane, istaden for tiltak i meir sentrale strok av kommunen! Dette tilfellet vitnar om manglane forståing av kor viktig NSO er for oppretthalding og auking av busetnad her nord!

Folk kjenner seg lite verdsett, og undrast om ein i tråd med nasjonal politikk berre ønskjer busetnad langs kollektivaksen mellom Tau og Jørpeland?

Kommunestyret har nyleg vedteke "Kommuneplanens samfunnsdel 2019-2035" med hovudtema "Sammen om trivsel". Dette er eit styrande dokument for utviklinga av strandasamfunnet.

Her kjem det fram at Fiskå, i tillegg til Tau og Jørpeland, er eit kommunesenter. Vidare står det så fint: "Formålet med planen er å skape langsiktighet i politikk for kommunens innbyggere" og "kommunen har et godt omdømme innenfor barnehage-og skolesektor slik at familier ønsker å bosette seg her".

Min påstand er at den føreslegne nedlegginga er i strid med siterte føringar! Dette er kortsiktig politikk, skaper dårleg trivsel, svekker Fiskå kraftig som kommunesenter og gjev lita bulyst i området!

Synest det er leitt at nedlegging av NSO no er sett så høgt på sakskartet, då det i seg sjølv skaper usikkerhet kring det vidare liv for bygdene her nord!

Folk kjenner seg lite verdsett, og undrast om ein i tråd med nasjonal politikk berre ønskjer busetnad langs kollektivaksen mellom Tau og Jørpeland?

Asle Krogevoll

Etter mange år der ungdomane våre valde å etablere seg meir sentralt i kommunen, ser vi no til stor glede at fleire unge kjøper seg bustad og etablerer seg i området. Her speler nærleik til NSO ei viktig rolle! Er venteliste på barnehagen no, og aukande elevtal på skulen neste år.

Dessutan har vi eit særs kreativt næringsliv med aukande tilførsel av arbeidsplasser!

Øvrige moment for bevaring:

  • Relativt kort veg til skule/-barnehage (opp mot 20 km for dei lengst borte ved alternativ løysing)
  • NSO nyleg oppgradert for 12-15 mill. kr, med tilkopla IVARvatn
  • Viktig samlingspunkt utanom skuletid: idrettslag, sosiale samlingar, 17.mai, etc
  • Få andre samlingstader (nokre grendahus/-bedehus)
  • Lang veg til næraste kommunale barnehage (Jørpeland)
  • Nytt bustadområde i området med ledige tomter (Bjødnåsdalen)
  • Ytterlegare eit under opparbeiding (Krogevollhagen)

Rådmannenn sine grunnar for nedlegging:

  • Stordriftsfordeler
  • Vanskar med å skaffe kvalifiserte lærerar til NSO
  • Nedlegging vil føre til frigjeving av kvalifisert personell til styrking av dei andre skulane/-barnehagane i kommunen
  • Aukande elevtal i friskular

Har ikkje djup kunnskap om dette, men deler av denne argumentasjonen er kjende fraser i den sentraliseringsiveren som rår i landet vårt! Denne iveren tjener i liten grad slike bygdesamfunn som vårt!

Dette er kortsiktig politikk, skaper dårleg trivsel, svekker Fiskå kraftig som kommunesenter og gjev lita bulyst i området!

Asle Krogevoll

Er svært glad for Anders Sigmundstad sitt innlegg i Strandbuen 15.11. Her gjev han på ein fin måte uttrykk for kva NSO har å seie for bygda vår, og at han som tidlegare elev har lagt att noko av sitt hjarte der.

Har sjølv av naturlege årsaker ikkje gått på NSO, men på forløparen- Fiskå skule. Kan av den grunn ikkje seie at eg har lagt hjarta mitt att der, men eg har hjarte for NSO! Og det er det mange her nord som har med sine dyktige tilsette og gode miljø!

Her har eg vore så heldig å få vakse opp til eit godt liv, noko eg også unner for mine noverande og komande sambygdingar!

Har sjølv vore kommunestyrerepresentant, er varamann no, så eg veit at om ein ikkje kuttar her så må ein finne inndekning "andre stader". Med store påkravde føretekne investeringar, og fleire i dei komande åra, er dette ikkje noko "lett" sak for politikarane heller!

Trur personleg at vi vil få ein Ryfasteffekt, og oppgangen eg er vitne til i oljenæringa om dagen lett kan bidra positivt på inntektsida. Dette er vanskeleg å talfeste, men sannsynleg.

Kanskje ein idé å sjå på skulekrinsinndelingane, ved at fleire elevar blir tilført NSO og Tau skule? Kanskje med basis i auka elevtal i friskulane vurdere grep for ei redusert og trinnvis skuleutbygging på Jørpeland?

NSO er ein krumtapp i Nordre Strand for oppretthalding av eit levande bygdesamfunn framover! NSO må ha eit vidare liv! Det forventar vi av våre politikerar!

Artikkeltags