Trist forslag frå rådmannen

Av

– Så fattige er me visst blitt at rådmannen føreslår å leggja ned det einaste kommunale tenestetilbodet lokalisert utanfor Tau og Jørpeland, Nordre Strand oppvekstsenter på Fiskå, skriv Johannes Sørskår i dette lesarinnlegget.

DEL

MeningerSer i Strandbuen at Strand kommune slit økonomisk! Så fattige er me visst blitt at rådmannen føreslår å leggja ned det einaste kommunale tenestetilbodet lokalisert utanfor Tau og Jørpeland, Nordre Strand oppvekstsenter på Fiskå.

Eg synest det er eit trist forslag, og tragisk for bygdene i Nordre Strand om det skulle bli vedtatt. NSO består av Nordre Strand skule og Eikehaugen barnehage. Til saman er det rundt 110 barn på senteret. Neste skuleår står det 18 nye førsteklassingar klar til innskriving. Då vil elevtalet på skulen passera 80.

Det står barn på venteliste til barnehagen. Ei nedlegging her kan såleis ikkje samanliknast med nedleggingane av dei andre skulane i Strand. NSO blei oppvekstsenter for eit godt tiår sidan. Det har gitt innsparings- og samlokaliseringsgevinstar. Samla sett tilbyr NSO eit godt og trygt oppvekstmiljø for barn frå 1 til 13 i Nordre Strand. Det ønskjer me å behalda!

I det siste året er det pussa opp for 12–15 millionar kroner ved NSO. Me har tolka dette som eit teikn på at politikarane våre ønskjer å stimulera til vekst også i nordre del av kommunen. Me er takksame for dette! Lokalitetane våre er blitt heilt topp!

Det er no tilflytting og vekst i Nordre Strand. Det flyttar folk til utanfrå, magar veks, og det er tomter ledige i byggjefelt. Det synest som at det har blitt lettare å få byggja hus også spreidd. Det er me også takksame for. Me har fått trua på at me blir rekna med og satsa på.

Elles forstår eg det slik at framveksten av dei private skulane bidreg til at den offentlege skulen får mindre å rutta med. Ein kan meina mangt om private skular, men eg synest ikkje det er rett at me i Nordre Strand skal måtta betala prisen for ei slik sentralt vilja og styrt utvikling.

At NSO slit med rekruttering er eit argument eg synest er litt søkt! Eg har sjølv arbeidd ved NSO i mange år, og vil heller seia at me har vore prega av eit svært stabilt og kvalifisert personale.

At lærarar sluttar midt i eit skuleår er alltid utfordrande. At me har slite i tilsetjingane til nye skuleår i det siste, kan også skuldast generell mangel på lærarar og andre uheldige omstende. I det siste har vanskane skuldast nedbemanning i andre verksemder.

Elles trur eg det er rett å minna om at Nordre Strand bidreg med sin del av verdiskaping og skatteinngang til fellesskapen i Strand, og at Fiskå i kommuneplanar er rekna med som det tredje sentrumsområdet i Strand. Me unner sjølvsagt både Tau og Jørpeland nye skulebygg. Det trengst!

Det som er trist er om NSO blir lagt ned på grunn av investeringsbehovet i dei sentrale stroka i kommunen. Eg både håper og trur at me har politikarar som ser ei eventuell nedlegging av NSO i eit slikt større perspektiv.

Det er no tilflytting og vekst i Nordre Strand. Det flyttar folk til utanfrå, magar veks, og det er tomter ledige i byggjefelt.

Johannes Sørskår

Signala i Strandbuen førre fredag er i så måte gledelege. Eg håper også at dei som bur på Tau og Jørpeland forstår at NSO er viktig for oss, og at dei kan støtta oss i kampen for å få behalda senteret slik det er i dag. Og så håper eg at kommunen framleis stimulerer til vekst i Nordre Strand.

Det må bli eit mål at me får utnytta kapasiteten på skuledelen betre enn i dag. Det er foreldre som vel å senda elevane sine til privatskulane. Kanskje det er foreldre på Tau og i Bjørheimsbygd som kunne tenkt seg å senda elevar til oss?

Og så var det Ryfast-effekten då. Me torer håpa på at det kan drypa litt på oss her nord også! Eg ønskjer politikarane lukke til i eit krevjande arbeid med budsjettet. Eg håper det blir slått ring om NSO!

Artikkeltags