Den gamle brua over Ullestadånå er ikkje dimensjonert for moderne tungtrafikk, og då anleggsarbeidet ved Lyngsvatnet starta opp våren 2019, blei det lagt ei midlertidig bru oppå den gamle.

Entreprenøren som utfører arbeidet ved Lyngsvatnet fekk den midlertidige brua frå Vegdirektoratet, men problemet var at vegbreidda blei snevra inn til tre meter. Bønder og andre trafikantar klaga. Brua var så smal at verken traktorreiskapar eller brøytebil kom over brua.

Dermed blei den midlertidige brua skifta med endå ei midlertidig bru. Den ligg der framleis, oppå den gamle, men til hausten skal anleggsarbeidet ved Lyngsvatnet vera ferdig. Då vil Rogaland fylkeskommune fjerna både den midlertidige brua og den gamle som ligg under, og bygga ei heilt ny bru.

– Dagens bru er i dårleg forfatning og treng ei oppgradering, skriv Multiconsult som har utarbeidd initiativet til ein ny reguleringsplan på vegner av fylkeskommunen.

– Den midlertidige brua blir venteleg fjerna i november 2021, og deretter kan ikkje køyretøya som køyrer over brua vega meir enn 40 tonn med maksvekt på åtte tonn per aksling. Dette gjer at Ullestad bru er eit svakt ledd i det lokale vegnettet, står det i planinitiativet.

Der heiter det også at vegbreidda på Rivelandsvegen, som går gjennom området, varierer frå 3,5 til 4,5 meter. Breidda på den 20 meter lange brua er 4,5 meter. Eit eige forprosjekt skal avklara tekniske detaljar, men både den nye brua og vegen på begge sider kan bli utvida i høve til dagens veg.

Forprosjektet skal også sjå på eventuelle tiltak for å auka tryggleiken for mjuke trafikantar og om brua skal flyttast i høve til dagens plassering.

Kostnaden for ei ny bru er heller ikkje kjend før forprosjektet er gjennomført, og planinitiativet seier ingenting om kva dei to midlertidige løysingane har kosta.

Statens vegvesen sette ny bru på Ullestad opp på ei liste over flaskehalsar for tømmertransport i 2019. Vegvesenet får 50 millionar kroner i året til utbetring av slike flaskehalsar, og der står prosjektet på Ullestad oppført med ein kostnad på 6 millionar kroner pluss meirverdiavgift i 2021.