Har du tenkt over kva som skjer med snusen du kastar frå deg?

Utflytta jørpelending Malise Berg gjekk før helga tur på Jørpelandsholmen og fann mange både tyggegummiklyser, sigarettsneipar og ikkje minst snusbleier. Sjølv om desse ikkje er så store ting, kan dei likevel gjera stor skade både på menneske og dyr og det tar lang tid før dei blir brotne ned i naturen.