«Millionforsømming i Hjelmeland – bagatell eller katastrofe?»

GROV ANSVARSSVIKT: Jone Kvame meiner konsesjonskraftpengane Hjelmeland har gått glipp av er meir enn ein bagatell.

GROV ANSVARSSVIKT: Jone Kvame meiner konsesjonskraftpengane Hjelmeland har gått glipp av er meir enn ein bagatell. Foto:

Av

Ti millionar kroner - eller meir, som kunne vore til nytte og glede gjennom gode tiltak i kommunen, er ikkje tekne vare på. Djupt tragisk! Sterkt urovekkjande! skriv Jone Kvame frå Hjelmeland.

DEL

MeningerI Strandbuen for 12. juni i år får me opplyst at rådmannen i Hjelmeland over tid har skusla bort omlag ti millionar konsesjonskraftkroner - eller meir. Saka vart presentert som «rådmannssoving i timen». Eg trur me gjer klokt i å merkje hendelse av denne karakter med den rette etiketten.

Det er regelrett grov ansvarssvikt! Ti millionar kroner - eller meir, som kunne vore til nytte og glede gjennom gode tiltak i kommunen, er ikkje tekne vare på. Djupt tragisk! Sterkt urovekkjande!

Så til objektet for svikten. Vasskraftkommunar som Hjelmeland har fleire slag inntekter frå vasskraftutbyggjaren, blant andre konsesjonskraft. Denne inntekta er bestemt av årleg forbruk el-energi i kommunen (Lyse og Haugaland nett har oversynet) samt prisane ved kjøp og sal av slik mengde kraft utteken frå Lyse eller Ulla-Førre.

I omhandla tilfelle skal rådmannen ha svikta når det gjeld innhenting av opplysningar om årleg forbruk og kraftselskapet sin pris for konsesjonskrafta. Korleis det i same tidsrom har stått til med den salspris kommunen har fått, er ikkje omtala.

Å forvalte el-energi (konsesjonskraft) er forretning. Det gjeld om å optimalisere salsvolumet, kjøpe billig og selje dyrt. Dette er verken rutine eller «plankekjøring». Tragiske tilfelle i vårt land dokumenterer dette. Det er difor også feil å tru og trøste seg med at bortskusla inntekter nærast kan gjenvinnast i kommande år. Så enkelt er det ikkje!

Vår nåverande rådmann har for sin del og så langt saka gjeld han, «plastra såret» med å vise til etablering av god og sikker rutine. Posisjonen i kommunen ser ut til å slå seg til tåls med slik resept for kvalifisert forvaltning av konsesjonskrafta. Korresponderande funksjonselement som innsikt, oversyn, kunnskap og kompetanse, framstår underordna.

Summen av kommunen sine ulike inntekter frå vasskraftsektoren har ganske enkelt vore totalt avgjerande for velferdsnivået til oss busette i Hjelmeland. Dei er det framleis, og må hegnast om med alle midler. Det er difor presserande grunn til å minne kvarandre om det enkle faktum at rutinar ikkje utøver ansvarleg forvaltning. Derimot er dei vitale instrument i rasjonell og kvalifisert administrering.

Følgjeleg – når ein av våre mest erfarne kraftinntektsforvaltarar gjennom tidene (frå midten av 70-talet), Arne Kleppa, orda frampå om eigen stillingsressurs for utøving av rådmannen sitt ansvar for oppfølgjing og innkrevjing av dei ulike kraftinntekter, så er det rimeleg god grunn til å lytte til hans råd.

Kraftselskapa er ressurssterke, ruvande og kraftfulle aktørar. Dei har ikkje for vane «å gje ved dørene». Det har me lært gjennom erfaring!

Artikkeltags