Mølleparken tapar nesten 400.000 kroner på korona

Fleire bryllaup i Mølleparken på Tau er avlyste på grunn av korona. Kafeen er stengt fram til juni. Bjørn Olsen i Mølleparkens venner fortel at venneforeininga tapar 380.000 kroner på dette.