50.000 høyrer på Espen Alsvik og Days of August kvar månad

På laurdag speler Espen Alsvik (21) frå Jørpeland og trioen Days of August på Kafé Marthel på Tau. Snart kjem det ut ep og til neste år planlegg bandet norgesturné.

DEL

Torsdag gjev Days of August ut singelen «Seattle». Over 50.000 lastar ned songane deira kvar månad på strøymetenesta Spotify.

– Det begynner å ta seg litt opp nå, seier gitarist Espen Alsvik.

Indie-folkerockebandet har ikkje eksistert lenger enn sidan mai i fjor. Då begynte dei å spela inn sin første ep «After twelve» for gøy.

I februar kom fullalbumet «Staring empty at the moon», som dei fekk støtte frå Frifond til å spela inn.

Har fått bookingansvarleg

Bandet består i tillegg til Alsvik av vokalist Frank Christian Brambo (23) frå Sokndal og trommeslagar Mathias Helvig (21) frå Stavanger.

I januar gjev trioen ut ny ep med seks songar. Dei fleste songane er allereie klare.

Days of August har fått seg ein bookingmanager, slik at dei kan få fleire spelejobbar.

– Fram til nå har me bare tatt jobbar der arrangørane sjølve har tatt kontakt med oss, men bookingmanageren vår, Per Birkeland Hagen, skal jobba med å planlegga spelejobbane framover, fortel Alsvik.

    Trioen Days of August gav nyleg ut musikkvideoen til songen «Time will tell». Ole Henrik Barstad har laga musikkvideoen.

    Planlegg norgesturné

    – Me kjem nok til å ta kontakt med både kulturhus og festivalar til våren, legg han til.

    Etter at ep'en er gitt ut, satsar bandet på å reisa på turné rundt om i Norge.

    – Det er snakk om ei veke oppover i landet; Haugesund, Bergen, Førde, Ålesund og Trondheim, og så ei helg med Stavanger, Kristiansand og Oslo, seier gitaristen frå Jørpeland.

    LIVEBAND: På laurdag speler Days of August på Kafé Marthel på Tau.

    LIVEBAND: På laurdag speler Days of August på Kafé Marthel på Tau. Foto:

    På dei fleste spelejobbane har Days of August med seg Mikal Hole på bass.

    I meldinga av fullalbumet «Staring empty at the moon» skriv Strandbuen i februar at musikken til indie-folkrockbandet er vakker, vemodig og var.

    Artikkeltags