Matti Røssland spelte for 70 tilhøyrarar i Rosehagen

Ute fauk regnet nesten vassrett mot husveggen, men inne varma levande lys og den hese røysta til visesongaren Matti Røssland publikum.