– Dette var ein konsert som hadde fortent eit større publikum

SKAPTE GOD STEMNING: Johan Egdetveit og Silje Vige Bergøy skapte ei lun atmosfære i Spinneriet på Hjelmeland torsdag kveld.

SKAPTE GOD STEMNING: Johan Egdetveit og Silje Vige Bergøy skapte ei lun atmosfære i Spinneriet på Hjelmeland torsdag kveld. Foto:

Trass at bare 16 personar møtte opp på konserten Silje Vige Bergøy og Johan Egdetveit spelte i Spinneriet på Hjelmeland torsdag kveld, fekk dei som var der ein sjeldan intimkonsert, fortel kulturleiar Eldfinn Austigard.

DEL

– Dette var ein konsert som hadde fortent eit større publikum. Den var lun, koseleg og variert. Ei sprudlande Silje Vige Bergøy fekk god kontakt med publikum og skapte ei fin atmosfære saman med Johan Egdetveit på trekkspel, seier kulturleiaren.

Egdetveit har tonesett ein del eldre dikt av blant andre Sigbjørn Obstfelder, Arne Garborg og Per Sivle, som Bergøy song under konserten.

– Dei som var på konserten koste seg, men eg synest litt synd på dei som spelte, peikar Austigard på.

INTIMKONSERT: Med bare 16 publikummarar blei det intimkonsert med Silje Vige Bergøy og Johan Egdetveit i Spinneriet.

INTIMKONSERT: Med bare 16 publikummarar blei det intimkonsert med Silje Vige Bergøy og Johan Egdetveit i Spinneriet. Foto:

Han unnskyldar det manglande publikumsoppmøtet.

– Det er trist, men det har nok si forklaring i at det har vore litt mykje og for tett nå ei stund. I Hjelmeland er det slik at det er mykje dei same som går igjen. Me er ikkje så mange å dela arrangementa på, seier Eldfinn Austigard.

Artikkeltags