Ryfest er det nye namnet på den meir kjende Norsk Frukt- og Laksefest. I år blei det på grunn av koronarestriksjonar eit nedskalert arrangement i forhold til vanlege år. Likevel var det mykje liv i Hjelmelandsvågen på laurdag. Arrangøren hadde selt 850 billettar på førehand, med eit avgrensa deltakartal på 1.000 denne gongen.

– Det er vel til saman nærare 1.000 menneske samla her i dag. I tillegg er det 35 utstillarar. Meir kan det ikkje vera. Me er fornøgde med arrangementet og glade for at vêret blei så bra. Vêret betyr svært mykje når me skal arrangera ein festival som dette, seier festivalsjef Vidar Lund.

Utstillarane kunne blant anna by på mat, kunst og handverk frå Ryfylke. Det var også utstillarar frå andre stader i Rogaland. I tillegg var det fleire politiske parti som nytta sjansen til å stå på stand under festivalen.

Den lokale gruppa Dvaske Menn stod for underhaldningsinnslag, med både humor, konkurransar og musikk.

Bildeserie

Sjå bilete frå folkelivet på kultur- og matfestivalen Ryfest