Gå til sidens hovedinnhold

Nora (5) opna den nye klatreparken på Jørpeland

29. juni 2020, kl. 15:18

Jørpeland barnehage blei invitert på opninga av dei to klatreparkinstallasjonane i Jørpeland Aktivitetspark måndag. Nora Tungland (5) fekk klippa snora, før ungane fekk is av park- og grøntansvarleg i Strand kommune, Anita Ellefsen Hus. Så var det tid for å prøva ut dei nye klatremulegheitene for barnehageungane, og ut ifrå gledeshyla å dømma likte dei det dei fekk prøva. Hus fortel at heile aktivitetsparken med skatebane, klatreinstallasjonar, pumptrack og parkourelement skal stå ferdig i midten av august. Delar av skateparkdelen skal også få tak og dette arbeidet skal setjast i gang i løpet av 2020.