Gå til sidens hovedinnhold

Nora og mamma fann mykje søppel på stranda

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvar dag har Melanie Tiller og dottera Nora (2) på Jørpeland eit prosjekt nå når barnehagen og salsvogna til mora er stengt. Ein dag denne veka gjekk dei på stranda og rydda søppel.

– Me har laga påskepynt, baka kake, vore på spaserturar og teikna mykje. På fredag var me på ei strand og eg blei veldig imponert av barnet mitt, fortel Melanie Tiller til lokalavisa.

– Før barnehagen stengte hadde dei sjø som tema. Då me var på stranda kom jenta mi til meg med plastavfall og prøvde å fortelja meg at dette ikkje skal vera i vatnet, held ho fram.

Då spurde mora den vesle dottera si om dei skulle plukka søppel i nokre plastposar. Det ville toåringen vera med på.

– Me gjekk opp og ned på den vesle stranda. Til slutt var det ikkje meir plass i posane, det var så mykje søppel. Nå planlegg me å gå på ei strand og rydda i neste veke også, seier Tiller.

Les også

Speidarar plukka 70-80 sekkar med plast og søppel i Botnevika

– Me synest det å rydda søppel på stranda er eit supert prosjekt i koronatida. Kanskje andre ungar har lyst å gjera dette også. Då kan dei komma seg ut i denne vanskelege tida og samtidig gjera noko bra for miljøet, fortset mora.

Ho viser til at alle ikkje bør samlast på ei strand.

– Me har mange strender, så det er ikkje noko problem, slår Melanie Tiller fast.

Til vanleg driv den tyske tilflyttaren salsvogna og enkeltpersonføretaket Tillers Lillefjordkjøkken, som nå held stengt på grunn av koronapandemien.

Les også

Maria og Jennifer har starta lokallag for å rydda strendene i Strand

Les også

På 17 minutter fant Geir-Magne tre sykler, to handlevogner og en plenklipper: – Når jeg er under vann, føler jeg enda mer ansvar

Kommentarer til denne saken