400 gjekk i fakkeltog på Fiskå

– Me viser med dette at me ikkje godtar forslaget om å leggja ned Nordre Strand oppvekstsenter, slo Katrine F. Amdal fast, då nordbygda arrangerte ei støttemarkering for oppvekstsenteret sundag. Rådmannen har føreslått å leggja ned skulen og barnehagen i sitt budsjettforslag.