Normal drift i Hjelmeland-Nesvik etter tekniske problem i morgontimane

DEL

Norled melder klokka 06.04 måndag morgon at den eine av dei to ferjene i sambandet (Rute 1) er innstilt på grunn av tekniske vanskar.

Norled har også varsla om at avgangen frå Nesvik klokka 09.45 må gå med redusert tal på passasjerar. Ferja tek berre med seg 12 personar på denne avgangen.

Denne avgangen er også i Rute 1. Norled har ikkje varsla nærare om dei tekniske vanskane medfører ytterlegare endringar.


Oppdatering:

Klokka 08.30 melder Norled at det er normal drift i sambandet att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken