Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde frå Norsk Frukt- og Laksefest

07. september 2019, kl. 13:57

Regnet hølja ned fredag kveld. Laurdag morgon skein sola, og folk kosa seg på Norsk Frukt- og Laksefest i Hjelmelandsvågen. Arrangørane var heldige, for vel ein time etter at arrangementet var over, kom det ei ny regnbye. Det var bra med folk i Hjelmelandsvågen, men neppe rekord. Festgeneral Vidar Lund vil ikkje seia noko om talet på frammøtte før etter evalueringa, men han seier til Strandbuen at alt det arrangementstekniske gjekk etter planen heile laurdagen.