Det var sterk vind på Høgsfjorden, opp mot stiv kuling, då eit kaitillegg førte til skade både på ferja og på eit kaihjørne.
– Ferja vil segla til Stavanger for utbetringar som etter planen vil ta rundt ei veke, skriv Boreal Sjø på nettsidene sine.
Frå klokka 16.30 laurdag blei MF «Utne» sett inn i sambandet. Denne ferja blei bygd for Norled i 2015 og har plass til 40 personbilar.
– Fram til «Bjørnefjord» er tilbake i drift, vil det bli brukt ein reserveruteplan med færre avgangar, opplyser Boreal.
Her kan du sjå denne reserveruteplanen.
– Årsaka til den reduserte ruteplanen er at «Utne» ikkje er klar for å betena fleire døgnskift, forklarar Boreal på heimesidene sine, før dei legg til at dei beklagar ulempene hendinga får for passasjerane i det private ferjesambandet på Høgsfjorden.
Det er bare fire dagar sidan Boreal Sjø starta den private ferjedrifta mellom Oanes og Lauvvik.