Mange ville gratulera Reidun og Terje med eldsjelprisen

Heilt sidan ruskafeen Åpen dør starta for seks år sidan har Reidun (69) og Terje (71) Vasstveit vore med. Som takk for innsatsen fekk dei eldsjelprisen under ordføraren i Strand si nyttårsmottaking i Klippen sine lokale torsdag.