Fredag 6. mai reiste 28 deltakarar i Lysefjordspelet om Pilt-Ola inn til Bakken gard i Lysefjorden. Vêret den ettermiddagen var ikkje topp til å øva ute så det blei øving på songane i spelet innandørs.

Laurdag kom vêret seg, og det blei flotte forhold for øvingar. Alle var klare klokka 10.00, og det blei ein del terping den dagen for å få replikkane og detaljane til å sitja.

Me hadde med oss sju ungar, og dei viste stort tålmod. Me måtte senda ut ungane og ti vaksne laurdag kveld fordi andre hadde bestilt rom på Bakken. Dei fekk seg ein flott tur ut fjorden til Forsand med ribbåt.

Søndagen var det på an igjen klokka 10.00 og dagen blei avslutta med full gjennomgang av stykket. Det var Imponerande åsjå kva dei hadde fått med seg i løpet av helga.

Ole Alexander Mæland kler rolla som Pilt-Ola, og med flott sangstemme så blir songane framførte på eit stemningsfullt vis. Dei to imponerande musikarane Johan Egdetveit og Gaute Vikdal bidrar òg godt til dette med både trekkspel, trombone, lur og bukkehorn.

Andreas Cappelen er sakføraren til Pilt-Ola, og spelar rolla godt der han prøver å henga med i svingane på alle prosjekta Pilt-Ola vil i gang med.

Bjarne Frank Wathne er scenograf, og har mellom anna bygd opp ei lita scene på marka kor nokre av scenene skal framførast.

Torfinn Nag har eit krevjande oppdrag med regien i stykket, og viser stort tålmod med dei mange amatørane som er med i stykket. I tillegg har han diverse roller som dommarar i dei ulike rettssakene Pilt-Ola er involvert i. Han har òg skrive manus til stykket.

Totalt er 35 personar involverte på og rundt scena. I tillegg er det ei prosjektgruppe på fem personer.

Forsand teaterlag har tatt på seg ei stor oppgåve, og er veldig takksame for at både offentlege og private sponsorar har støtta oss. Me har eit tett og godt samarbeid med Stavanger turistforening som stiller store ressurser til disposisjon for å bidra til kvalitet.

Nå ser me at det blir lønn for strevet i form av ei spennande framsyning i eit naturskjønt område på Bakken.