Bjørn Laugaland fortel at han har vore i kontakt med fleire pendlarar frå Hjelmeland som peikar på at det går for lenge mellom bussavgangane frå Solbakk til Hjelmeland på ettermiddagstid.

– Me er stort sett nøgde med det nye busstilbodet. Frekvensen er bra på morgonen og utover dagen, men i tida då folk skal heim frå jobb er det altfor lenge mellom avgangane. Det kjem me til å ta opp på kontaktmøtet med fylkeskommunen. Folk kan ikkje sitja i fleire timar på Solbakk på veg heim frå jobb, seier han.

Få avgangar og små bussar på ettermiddagen har også ført til at dei få bussane som går, til tider er heilt fulle. Det betyr ytterlegare venting.

Strandbuen skreiv denne veka om den nye pendlarforeininga i Strand, som jobbar for lågare prisar og betre busstilbod til Stavanger frå Tau og Jørpeland. I denne artikkelen står det at «dersom det må foretas kutt for å få til noen av de foreslåtte endringene, ønsker pendlerforeningen at Kolumbus ser på muligheten for å kutte ruter til og fra Hjelmeland, ut fra en vurdering av passasjergrunnlaget».

Det utspelet liker ikkje Hjelmeland-ordføraren.

– Eg forstår at dei vil ha eit best muleg tilbod, men det er råd å jobba for det utan å be om at andre skal få redusert sitt tilbod. Det er eigentleg ganske motbydeleg og lite tillitsvekkjande, meiner Laugaland.

– Dessverre ser eg ei slik haldning frå Strand si side litt for ofte, legg han til.

Laugaland understrekar også at det ikkje er nokon grunn til å redusera tilbodet til Hjelmeland.

– Passasjertala er som venta. Folk kan sikkert visa til ein buss som har vore tom i ny og ne, men som Kolumbus sjølv har lagt vekt på, går det an å finna det same i Stavanger, peikar han på.