Ordføraren takkar dei kommunetilsette

TAKKNEMLEG: Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes er takknemleg for den ekstraordinære innsatsen dei tilsette i kommunen nå gjer.

TAKKNEMLEG: Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes er takknemleg for den ekstraordinære innsatsen dei tilsette i kommunen nå gjer. Foto:

– Tusen, tusen takk. Utan den innsatsen de tilsette har gjort hadde me aldri fått det til å sviva så godt, seier ordførar Irene Heng Lauvsnes til dei tilsette i Strand kommune.

DEL

– Me er i ein heilt spesiell situasjon nå, og eg vil skryta av dei tilsette i kommunen, seier Lauvsnes.

Før ho blei ordførar jobba ho i det private næringslivet.

– Eg fekk tettare kjennskap til måten kommunen jobbar på då eg blei ordførar, og eg blei imponert, seier Strand-ordføraren.

Nå i krisetid er ho endå meir imponert.

– Me har tilsette med positive haldningar til å få gjort oppdraga sine. Eg er utruleg imponert over at folk brettar opp armane, står på og strekk seg veldig langt og tar på seg nye oppdrag, slår Lauvsnes fast.

– For mange er dagane blitt veldig tungvinte. Dei må tenka på smittehygieniske ting, det er mange i karantene og mange må steppa inn, held ho fram.

Strand kommune har rundt 1000 tilsette.

– Eg vil seia tusen, tusen takk til dei tilsette som står på for å få dette til å gå så greitt, gjentar ordføraren til slutt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken