32-åringen kom til Norge og Slemmestad frå Kamerun i 2004. Som 15-åring flytta ho heimanfrå og sidan har ho budd fleire stader i Oslo, i Nicaragua og Stavanger før turen gjekk til nytt hus på Jørpeland.

Frå stovevindauget har Suzy Fleurette Nnomo og sambuar Rune Vestbø (42) utsikt over heile Jørpeland og på den andre sida av fjorden ser dei Stavanger.

Det var på ein nattklubb i Stavanger dei trefte kvarandre; Oslo-jenta og jørpelandsguten. Då dei ville ha noko større enn leilegheita i Stavanger sentrum var det ikkje noko i deira prisklasse på bysida som freista.

– Det var bare eldre hus me hadde råd til i Stavanger, og då blir det fort dyrt når mykje må fiksast, peikar Vestbø på.

Det var bare eldre hus me hadde råd til i Stavanger, og då blir det fort dyrt når mykje må fiksast.

Rune Vestbø

Dermed begynte dei å kikka på aktuelle tomter i heimkommunen hans. Då dei første gongen stod på tomta i Skarbekken, tenkte Nnomo:

– Kvifor er det ingen som har bygd her før?

– Tomta avgjorde veldig mykje, seier ho medan februarsola snik seg over kanten på plissegardina.

Var usikre til på begynna med

Utsikta vil dei aldri mista heller, for det kjem ingen høge hus framføre deira. I første omgang kjøpte dei tomta som ei investering utan å heilt vita om dei kom til å byggja seg ein heim der.

– Ryfast gjorde det interessant for oss å bu på denne sida, men det var framleis ein del usikkerheit knyta til prisane på bommen, peikar Vestbø på, før han løfter opp dottera med dei store auga i ei ubestemmeleg fargeblanding av brunt, blått og grønt.

Den sju månader gamle dottera frydar seg når far tøysar med ho, men gråten er ikkje langt vekke fordi det er nokre timar sidan sist kvil. Då er det godt å bli vogga i søvn i armane til far.

Etter kvart som Ryfast nærma seg ferdig og informasjonen begynte å bli meir presis, i tillegg til at det også blei klart at busstilbodet ville bli betre mellom småbyen og storbyen, blei paret stadig meir overbevist om at dei ville byggja hus på Jørpeland.

Dermed begynte prosjektet «@sweethomepanorama», som Suzy Fleurette Nnomo oppretta ein eigen Instagram-konto på. 19. desember 2019 flytta dei inn i romslege funkishuset under Førlandsåsen.

Overraska av naboane

Ikkje lenge etter at dei hadde flytta inn kom naboane på døra med gjærbakst.

– Av alle dei stadene eg har budd så har eg aldri opplevd at naboane kjem på døra med bollar. Dette har eg bare sett på film, tenkte eg med meg sjølv, ler Nnomo.

– Og dette har bare fortsett. Naboane i dei to næraste husa inviterer oss med på alt mulig. Nå skal me grilla, blir de med, kan dei seia, held ho fram.

Dei har jamaldrande ungar med det eine naboparet.

– Etter barnehagen leikar dei med kvarandre, og me passar på ungane til kvarandre i nabolaget. Eg blir heilt mållaus av dette. Eg har aldri hatt eit slikt fantastisk naboskap før, slår 32-åringen fast.

Eg har aldri hatt eit slikt fantastisk naboskap før.

Suzy Fleurette Nnomo

– Dei har fått meg til å føla meg veldig velkomen og ivaretatt. Eg liker også at eg får by på meg sjølv. Eg er ikkje så god på gjærbakst, men eg kan laga belgisk vaffel, legg ho leande til.

Når ho er ute og trillar den sju månader gamle dottera kan det henda folk ho ikkje kjenner seier hei.

– Folk eg ikkje veit kven er begynner å snakka med meg. Det synest eg er veldig fint, seier Nnomo.

Lenar seg på svigerfamilien

Heile familien hennar bur i Oslo-området og fleire av dei har vore på besøk. Korona har naturlegvis avgrensa besøksmulegheitene.

– Ei tante eg hadde besøk av i fjor sommar, sa etter at ho hadde vore hos oss i kort tid; eg forstår kvifor du har flytta så langt frå oss, smiler Oslo-jenta.

Med ny livssituasjon, nytt hus, heilt ny buplass og ein familien som blei til fire, er ho glad for at familien til sambuaren bur i nærleiken.

– Dei har vore heilt fantastiske. Det hadde aldri gått utan dei. Det har vore så godt å ha dei å lena seg på når eg ikkje har familien min her, seier tobarnsmora.

Med to små barn fyk kvardagane av garde. Suzy Fleurette Nnomo er framleis i permisjon med Iselin, men skal tilbake i jobb om fem veker, då tar sambuaren permisjon.

– Nå har eg begynt med å skapa huset vårt om til ein heim, fortel Nnomo.

Det betyr mykje for 32-åringen som har hatt mange bustadadresser.

– Nok ein gong flytta eg til ein ny stad, men nå håper eg at eg slår rekorden med å bu lenger enn fem år på ein plass. Eg har vore ein vandrande og reiseglad person, fortel ho.

Det har vore så godt å ha familien til Rune å lena seg på når eg ikkje har familien min her.

Suzy Fleurette Nnomo

– Blei heim i rekordfart

– Det føltest eigentleg som ein heim i rekordfart. Det handlar vel om at med små barn er søkjelyset på noko anna, men det gode naboskapet speler også inn, fortset den ferske strandbuen.

Ho fortel at ho har budd i tre land, sju forskjellige stader og hatt 10 ulike adresser.

– Etter at me flytta hit har eg vore litt i bobla som mor. Eg har rokke å bli kjent med Jørpeland og sentrum og får tak i det meste av det eg treng, seier Suzy Fleurette Nnomo.

Det føltest eigentleg som ein heim i rekordfart.

Suzy Fleurette Nnomo

Ein internasjonal matbutikk, ein hobbybutikk og kafear er viktige føresetnader for at ho skal trivast. I tillegg elskar ho vintage og gjenbruk, og liker godt gjenbruksbutikken på Jørpeland.

– Eg saknar litt det eg hadde i Stavanger med dei mange kafeane og barselgruppa, men samtidig har eg følt meg veldig trygg med tanke på korona, seier 32-åringen.

– Her har eg kunna gå tur utan munnbind, og familie og venner i Oslo har lurt på korleis eg har kunna gjera det når det er lock down andre stader i verda, held ho fram.

Tar bussen til jobb

Kvardagen begynte med at dei begge pendla til jobbar på bysida; Fleurette til jobb på flyktningseksjonen i Stavanger kommune og Vestbø til it-jobb på Forus.

Sonen Oliver (2) fekk barnehageplass i Førland barnehage, som ligg bare eit steinkast frå huset. 32-åringen fekk ikkje prøva mange månader med busspendling til jobben i Stavanger sentrum, før korona førte til heimekontor.

– Det fungerte veldig bra å pendla med buss. Bussen går forbi rett nedanfor jobben min på Storhaug, fortel Nnomo. Busshaldeplassen på Jørpeland er heller ikkje langt frå huset.

Når ho er på bussen får ho tid for seg sjølv og høyrer blant anna på podkast.

Nå gler ho seg til å bli meir kjent med og utforska sin nye heimplass.

– Eg liker fysiske aktivitetar, seier den tidlegare kickboksaren. – Her er det mange mulegheiter, spesielt turmulegheiter.

– I tillegg til å gjera huset om til ein heim med mitt eige preg, gler eg meg også til me skal laga hage utanfor. Eg gler meg til mykje heile tida nå. Eg har alltid noko å sjå fram til og det er ei herleg kjensle, sluttar Suzy Fleurette Nnomo.