Ove (60) frå Jørpeland har jobba som predikant over heile landet i 34 år

I eitt år fekk Ove Sandvik nytta lærarutdanninga si før han følgde kallet og sa ja til jobben som barne- og ungdomssekretær i Stavanger Krets av Norsk Luthers Misjonssamband (NLM). Sidan har han reist landet rundt og preika om det han trur så sterkt på.