Først vil eg takka Ove Mæle for eit engasjerande innlegg i Strandbuen den 16. desember. Flott at folk engasjerer seg i lokalpolitikk-debatten og tar del i den, det er ein del av vårt flotte lokaldemokrati.

Men han bommar kanskje litt på innhaldet, skal prøva å vera kort og klargjera litt om kvifor eg løfta dette opp i budsjettdebatten:

Hjelmeland kommune gjev kyrkja i Hjelmeland cirka 3,6 millionar kroner i driftstilskot kvart år, dette til drifta av kyrkja eller kyrkjene i Hjelmeland. I Hjelmeland kommune har Den norskje kyrkja 2035 medlemmer.

Les også

Svar til Gaute Hauge: – Sett av ein million i året til kyrkjene i Hjelmeland, så slepp du å uroe deg

Me har 35 andre trussamfunn, som er lokaliserte i Hjelmeland utanom Den norske kyrkja. Desse skal ha like mykje i tilskot per medlem som det medlemmene i Den norske kyrkja får frå Hjelmeland kommune.

Så grunna kommunen sin demografi blir det forholdsvis dyrt å drifta hjelmelandskyrkjene. Om kyrkja i Hjelmeland eksempelvis får 1450 kroner per medlem i tilskot, ja, då skal dei andre trusamfunna sine medlemmer ha det same frå Hjelmeland kommune.

I tillegg begynner fleire av kyrkjene å trenga vedlikehald. Kyrkjene i Hjelmeland har eit behov for over 20 millionar kroner i reparasjonskostnader dei neste fem til ti åra.

Kyrkjene i Hjelmeland har eit behov for over 20 millionar kroner i reparasjonskostnader dei neste fem til ti åra.

Gaute Hauge, Ap-politikar i Hjelmeland

Dette kjem fram i den bygningsmessige gjennomgangen kyrkjene i Hjelmeland hadde i mars 2020. Alle desse tala står i desse bygningsmessige rapportane; ein rapport for kvar av dei fire kyrkjene.

Så om du legg til grunn det årlege driftstilskotet på 3,6 millionar kroner, og i tillegg opp mot 20 millionar i reparasjonar over ti år. Då vil nok den eine millionen, som du meiner er nok å sette av årleg til kyrkjene i Hjelmeland, ikkje tilstrekkeleg.

Denne eine millionen din ville nok ikkje rekke langt inn i året før ein må be om meir pengar frå den store kommunale pengesekken som du nemner i innlegget ditt ...

Om eg tek i mot invitasjonen og kjem på gudstenesta på sundag, vel, til opplysing kan det nemnast at eg er i kyrkja eit par gonger i året (eg er ein av dei 2035 som er medlem av Den norske kyrkja i Hjelmeland).

Men om eg finn roa og freden i kyrkja veit eg ikkje heilt. Den roa finn eg nok like godt andre stader, men dette er nok litt individuelt, me eller andre kan nok ikkje tvinga oss sjølve til å finna verken roa eller freden same kor ein er ...

Til slutt stiller du spørsmål ved om me treng Hjelmeland Arbeiderparti. Vel, det er det nok demokratiet og veljarane som avgjer. I kommunevalet i 2019 var det 13,7 prosent av veljarane som ville ha Hjelmeland Arbeiderparti (det tredje største partiet i Hjelmeland).