Øystein (14) vil vera med og setja dagsorden

ARBEIDSVEKE: Øystein Øygard Dale frå Hjelmeland er i arbeidsveke i Strandbuen.

ARBEIDSVEKE: Øystein Øygard Dale frå Hjelmeland er i arbeidsveke i Strandbuen. Foto:

Kvar dag denne veka reiser Øystein Øygard Dale frå Askvik i Hjelmeland til Jørpeland for å læra meir om media og journalistyrket.

DEL

14-åringen går i niande klasse på Hjelmeland ungdomsskule.

– Eg er interessert i media og har lurt litt på om journalistyrket kan vera noko for meg. Derfor valde eg å vera i lokalavisa i arbeidsveka, fortel Dale.

– Eg synest det å vera journalist verkar å vera eit yrke der arbeidsdagen er variert, held han fram.

Han er nest yngst av fem sysken og oppvaksen på gard. Her blir det dyrka mykje forskjellig, som eple, bringebær og pære, men bondeyrket tiltaler han ikkje i det heile tatt.

– Nei, eg vil ikkje bli bonde, fordi det er mykje arbeid og litt for einsarta, seier 14-åringen.

På fritida er han med i Hjelmeland ungdomsteater og Hjelmen 4H.

– Det er vel det andre året eg er med i ungdomsteateret. Eg blei med der, fordi eg liker å framføra, seier Dale.

I fjor tok han jegerprøva som årsprosjekt gjennom 4H.

– Kva forventingar har du til arbeidsveka i Strandbuen?

– Eg trur det blir ei variert veke, der eg får vera med på mykje forskjellig, svarer Øystein Øygard Dale.

Artikkeltags