Gå til sidens hovedinnhold

Øystein (64) var sjølv skuleelev på Jørpeland for 50 år sidan. Nå bygger han ny skule og har barnebarn som nære naboar

– Du kan seia at ringen er slutta for meg når det gjeld skule, seier Øystein Dahle. Kanskje bygger han ny skule for sine eigne barnebarn rett nedanfor skulen han sjølv gjekk på for 50 år sidan.

Øystein Dahle frå Tau er Stangeland Maskin sin formann for utbygginga av nye Fjelltun skule og fleirbrukshallen på Jørpeland. Han gjekk sjølv på Jørpeland ungdomsskule litt lengre oppi bakken, men det var i eit anna tusenår.

Dei næraste naboane til utbygginga er barnehagane Bikubå barnehage og Barnas kulturhage. Fredag var Dahle på besøk i dei to barnehagane og delte ut refleksvestar.

Me legg vekt på å ha eit godt samarbeid med naboane. Me veit jo at ei stor utbygging rett utanfor døra medfører ein del støy og andre plager, så me prøver så godt me kan å oppretthalda eit godt forhold til dei. Og eg synest det går veldig greitt, seier Dahle.

På veg inn til Barnas kulturhage blir han også møtt av ein liten gut som spring imot han med opne armar og ropar «farfar!». Vesle Aslak Gabrielsen-Dahle (snart 3) er eitt av barna som får ny refleksvest etter farfar sitt besøk.

– Det kan henda du bygger ny skule til barnebarna dine, 50 år etter at du gjekk her sjølv?

– Ja, det er fleire skular her, men det kan godt vera at eg gjer det, seier Øystein Dahle.

Eit ledd i dette med å halda eit godt forhold til barnehagane i nabolaget, er å respektera barnehagane sine kviletider.

Me har prøvd å planlegga arbeidsdagane slik at det er så stille som muleg i tidsrommet mellom klokka elleve og halv to på dagane. Då kviler dei minste barna, fortel Dahle.

– Så barnebarna har fått sova i fred for farfar?

– Eg håpar det, men det har jo vore ein del skyting og sprenging og slikt utanom kviletidene, seier han.

Det går ei stund til før barnehagane får fred. Fleirbrukshallen skal vera ferdig neste år, og skulen i 2022.

Les også

Planer om isbane på Jørpeland ute av budsjettet: – Blir for dyrt å drifte

Les også

Stavanger-firma skal gjera tømmerarbeidet på nye Fjelltun for 52 millionar

Les også

Flerbrukshallen på Jørpeland tar form: – Vi er foran tidsplanen

Kommentarer til denne saken