Påskekrimmen 2020: Bjarte Sørensen var attentatmannen

EKSPLOSIV KRIM: I årets påskekrim small det godt rundt omkring i undersjøiske tunnelar og på ferjekaiar i Ytre Ryfylke.

EKSPLOSIV KRIM: I årets påskekrim small det godt rundt omkring i undersjøiske tunnelar og på ferjekaiar i Ytre Ryfylke. Foto:

Smittevernlege og kommuneoverlege Bjarte Sørensen er villeg til å gjera alt for å sikra at koronasmitta ikkje kjem til Hjelmeland, derfor sprengde han både ferjekaiar og Ryfast for å kutta banda til omverda.

DEL

Strandbuen har fått inn fleire forslag til svar på årets påskekrim. Me har trekt tre vinnarar blant dei rette svara.

Desse er: Reidun Fjelde frå Holta, Stein Tau Strand Auestad frå Tau og Jarleiv Eskedal frå Holta.

– Kan det vera doktor Sørensen som sprengde kaiane og Ryfast ved hjelp av mobiltelefon? Sånn Taliban-style? I så fall må han ha brukt ei innretning som på fagspråket blir kalla «spiser» (edderkopp), svarte Auestad.

Eskedal trudde Sørensen hadde fått hjelp til å gjennomføra attentata:

– Eg trur det er Bjarte Sørensen med god hjelp av Laugaland som sikkert har sprengingserfaring, peikar han på.

Me takkar alle som har sendt inn svar på påskekrimmen vår. Vinnarane vil få ei premie i posten.

Artikkeltags