– Du må finna boka di, seier gitarlærar Asbjørn Voster.
Berge må leita i gitarbagen, men finn inga bok.
– Du kan få låna boka av meg nå, men du må hugsa å ta med di bok til Afrika, smiler gitarlæraren.
10-åringen har budd i utlandet nesten halve livet sitt; i Kamerun, Mali og på Elfenbenskysten. Første gongen familien reiste for å bu i utlandet var han rundt tre år.
– Eg gler meg veldig til å reisa og har sommarfuglar i magen. Eg gler meg spesielt til å begynna på skulen i Abidjan, for der går ein god venn av meg, som også er frå Norge, seier Berge.
– Mamma og pappa er misjonærar, og me skal bu på eit område som misjonen eig som me har budd i tidlegare, så det blir noko kjent og kjekt eg kjem til, held han fram.
Han har fire yngre sysken.
Neste tysdag er det vinterferie, men veka etter skal Peder August Lindtjørn Berge ha gitartime med lærar Asbjørn Voster, men heilt som vanleg blir det ikkje.
– Litt trist å reisa, men mest kjekt
– Det blir litt trist å reisa frå vennene mine her på Jørpeland, men eg gler meg mest. Me skal ha avskjedsfest med klassen, og nokre av dei på skulen spurde meg om dei kunne få bilde av meg, fortel storebroren.
Han er veldig glad i å spela fotball.
– Det er det mange eg kjenner som også gjer dit me skal og så er det også ein eigen ballbinge inne i det området me bur i, smiler han breidt.
Mora og faren hans syntest han skulle læra seg å spela eit instrument, det var derfor han begynte i kulturskulen.
– Eg ville spela gitar, for det speler pappa og så syntest eg gitar er kult, seier Peder August Lindtjørn Berge.

Jentene fikk selskap på dansegulvet under juleforestillingen: – Kjempesporty av fedrene
Skal ha gitartimar via nettet
Då det blei bestemt at dei skulle reisa til Afrika igjen, hadde foreldra lyst til at 10-åringen skulle fortsetja med gitartimane.
– Mamma og pappa syntest det var ein god plan at eg skulle ha gitartimar via nettet i Afrika. Eg har eit syskenbarn som har gjort det. Eg synest det er kjekt at eg får fortsetja å spela gitar, seier Berge.
– At eg kan halda fram med å gje han timar medan han er i Afrika er jo ei mulegheit som har opna seg etter koronapandemien. Kulturskulen har fått denne erfaringa at å undervisa via nettet er ein enkel ting å gjera, seier Asbjørn Voster.
– Det ligg for Peder August å spela gitar, så det er kjekt at han får fortsetja. Han var nettopp med på konsert og det likte han veldig godt. Ikkje sant, spør gitarlæraren eleven sin.
– Ja, det synest eg var veldig kjekt, stadfestar 10-åringen.

Ingrid Aneah (11) og kulturskulen hadde konsertar for dei gamle på Tau og Jørpeland: – Det er ikkje så flaut å opptre for dei eldre, for dei er så glade og takknemlege
