István fekk stemt pianoet på Gullfaks C på tredje forsøk

KLAR FOR AVGANG: Pianostemmar på oppdrag. István Horváth blei frakta til piano med helikopter for første gong.

KLAR FOR AVGANG: Pianostemmar på oppdrag. István Horváth blei frakta til piano med helikopter for første gong. Foto:

Det står piano rundt om på mange rare stader. Det betyr også at István Horváth og andre pianostemmarar av og til får uvanlege oppdrag.

DEL

– Det er første gong eg har blitt frakta med helikopter for å stemma eit piano, seier István Horváth frå Hjelmeland.

Han stemmer mange piano rundt om i private heimar, i konsertsalar, på skular og andre stader. István stemmer også konsertpiano på Konserthuset i Stavanger. Men han har berre stemt piano i Nordsjøen éin gong.

– Det er ein svensk sjukepleiar på Gullfaks C som speler piano. Han hadde planlagd litt konsertar og underhaldning nå til jul, men pianoet var veldig falskt. Det var grunnen til at dei trengte ein pianostemmar. Pianoet hadde ikkje blitt stemt sidan 1999. Det trengte verkeleg stemming etter 20 år, fortel Horváth.

Men det spesielle oppdraget gjekk ikkje heilt på skinner. István Horváth skulle eigentleg ut i Nordsjøen den 28. oktober, men då avblåste oppdragsgjevaren oppdraget. Det blei utsett ei veke til måndag 4. november.

– Eg reiste til Bergen med eit Norwegian-fly på søndagen, men kofferten min kom aldri til Bergen. Alt utstyret eg trengte låg i kofferten, så då blei det utsett endå ei veke. Søndag denne helga køyrde eg sjølv til Bergen. Måndag morgon blei eg pakka inn i gul kjeledress og såg ut som ein påskekylling, men eg kom meg ut med helikopteret og fekk stemt pianoet, fortel han.

– Etter ein lunsj var det inn i helikopteret og tilbake til Bergen same ettermiddag. Dette var nok eit av dei meir spesielle oppdraga eg har hatt, seier Horváth.

Han tek gjerne fleire oppdrag i Nordsjøen, og det blei også tema då han var på Gullfaks C.

– Eg fekk opplyst at det var 35 andre plattformer og riggar i Nordsjøen. Eg veit ikkje kor mange som har ustemte piano, men det blir kanskje fleire turar til Nordsjøen, seier han.

Artikkeltags