Planleggingsdag for alle skulane og barnehagane i Strand fredag: – Alle smittevernreglar blir følgde og me er framleis på gult nivå
Artikkelen er over 2 år gammel
Skulesjef Guro Harboe Ur stadfestar at verksemdene har klarert samlingane i samband med planleggingsdagen med smittevernlegen. – Me er ikkje på raudt nivå, me har framleis ikkje smitte i skulane og barnehagane og dei tilsette går saman til dagleg, forklarer ho.