Gå til sidens hovedinnhold

Poenget er vern, ordførar, for dine og mine etterkomarar

LESARBREV:

Ordføraren i Strand vert sitert i Stavanger Aftenblad denne veka, om at ho slit med å sjå fordelane med nasjonalparkane som er føreslått av Miljødirektoratet på nordsida av Lysefjorden. Det synest eg beint fram er både skremmande og historielaust!

Poenget i eit hundreårsperspektiv som framfor alt angår komande generasjonar, er heilskapleg vern av samanhengande område med unik og ennå relativt urørt natur. Om me ikkje nyttar høvet nå, veit me frå historia korleis det går; bit for bit vert det mindre og mindre att av det urørde arealet.

Tek me det vestlege verneområdet som eksempel, altså Preikestol-området, Jørpelandsheia og Krøys/Lyngsheia, så har nedbygginga akselerert kraftig bare i mi levetid på 50 år. Det er til dømes kome fleire nye tilkomstvegar og hytter både i nord og sør dei siste 10 åra, og me veit det vil bli kraftig press om både vind- og vasskraftutbyggingar i åra som kjem.

Eg er viss på at om ikkje politikarane i dei tre aktuelle kommunane kjenner seg ansvaret bevisste, så vil komande generasjonar om nye 50 år sitta att med bare bitar av dei bokstaveleg talt verneverdige areala me ser på karta nå.

Eg håpar at Strand, etter å ha fått ansvaret for heile Preikestol-området for eit års tid sidan, kan gå føre og dra lasset. Poenget er vern, ordførar, for dine og mine etterkomarar.

Kommentarer til denne saken