Ta vare på ytringsfridommen for offentleg tilsette

Dagfinn Hatløy, nestleiar i Hjelmeland Senterparti.

Dagfinn Hatløy, nestleiar i Hjelmeland Senterparti. Foto:

Av
DEL

MeningerOffentleg tilsette opplever at fridommen til å ytra seg er trua. Det er i fellesskapet si interesse å hindra ei slik utvikling.

Det at offentleg tilsette kan ytra seg og delta i det offentlege ordskiftet, er ei viktig verdi i det norske samfunnet. Det sikrar innsyn i offentleg verksemd som er finansiert av fellesskapet, skatteinntektene. Gode vilkår for å ytra seg sikrar godt fagleg arbeid og god kvalitet på offentlege tenester.

Ein av fire offentleg tilsette opplever grenser for ytringsfridommen (Opinion 2018). 54 prosent veit ikkje om det er greitt å delta i offentleg debatt med fagkunnskapen dei har fått gjennom jobben. Det kan føra til at mange ikkje brukar ytringsfridommen sin. I ei tid med aukande polarisering er det viktig at debatten er open og opplyst.

Tilsette må vita at det er trygt og ønskjeleg at dei ytrar seg. Leiarar må sjå på usemje som eit gode, og at kritikk er grunnlag for forbetringar. Gode vilkår for ytringar frå offentleg tilsette sikrar godt arbeidsmiljø, betre arbeid for helse, miljø og tryggleik, og betre brukartenester.

Fagpersonar er ein ressurs som må brukast til å sikra og forbetra tenester som fellesskapet skal levera innbyggjarane. Innbyggjarane har rett til å få informasjon frå dei som faktisk kan noko om fagfeltet, og som veit kor skoen trykkar. Dette er viktig for tillitssamfunnet Norge og for demokratiet både lokalt og nasjonalt.

Denne ytringa blei vedteken som resolusjon på Rogaland Senterparti sitt fylkesårsmøte.

Artikkeltags