– Preikestolen vil ikkje detta ned med det første

Fjellplatået og turistmagneten 604 meter over Lysefjorden vil heller ikkje skapa noko stor flodbølgje om den skulle detta ned, peikar NVE-geolog Einar Anda på. Han er nesten litt skuffa over kor lite rørsle det er i fjella rundt Lysefjorden.