Rådmann Wictor Juul: – Det er plass til alle bygdene i Hjelmeland i rådmannen sin navle

TENKER PÅ ALLE: Rådmann Wictor Juul forsikra at det ikkje berre er Hjelmeland sentrum han tenker på når kommunen driv bygdeutvikling.

TENKER PÅ ALLE: Rådmann Wictor Juul forsikra at det ikkje berre er Hjelmeland sentrum han tenker på når kommunen driv bygdeutvikling.

Fiberutbygging og folketalsutvikling blei hovudtema då kommunestyret i Hjelmeland behandla årsmelding og rekneskap for 2019, og rådmannen avviste på sitt vis at han berre tenkte på sentrum i arbeidet med bygdeutvikling.

DEL

Hjelmeland kommune var på ROBEK-lista på grunn av dårleg økonomistyring og negative resultat over fleire år i perioden 2015-2018. At det er betre tider i dag, blei veldig tydeleg då kommunestyret denne veka behandla årsmelding og rekneskap for 2019.

Arne Kleppa (Sp) sa at i den tida han sjølv var rådmann i kommunen, var han ofte skuffa over lite engasjement då årsmelding og rekneskap blei behandla av politikarane.

– Det kunne bli debatt om noko var gale eller det gjekk skikkeleg dårleg. Om det gjekk godt, blei det knapt nokon debatt i det heile tatt. Om verda framleis hadde vore som den gong, hadde det vore heilt unødvendig å ta ordet etter det rådmannen presenterer for oss i dag. Kommunen har hatt eit mindreforbruk på rekneskapen på 42 millionar kroner til saman dei to siste åra, understreka Kleppa.

Debatten om rekneskapen handla mest om korleis overskotet på 6,5 millionar kroner (etter bundne og lovpålagde avsetjingar) skulle disponerast. Rådmannen føreslo avsetjing til disposisjonsfond, og ville øyremerka 1 million til fiberutbygging og 1 million til klimatiltak. Det var mange som syntest beløpet til fiberutbygging var for puslete.


Mange manglar fiber

Gaute Hauge (Ap) føreslo på opposisjonspartia H, Ap og KrF sine vegner at potten til fiberutbygging blei auka til 4 millionar kroner.

– Det er mange delar av kommunen som manglar fiber, og koronasituasjonen dei siste månadane har vist kor viktig det er at dette er på plass. Utbygging av fiber til alle innbyggarar i kommunen vil kosta 30 millionar. Det blir lagt vekt på at me skal bruka statlege Nkom-midlar i størst muleg grad. Heile Rogaland fylke vil få rundt 10 millionar kroner i år, og Hjelmeland får berre ein del av den summen. Skal me basera oss på Nkom-midlar, kjem me aldri i mål med fiberutbygging. Kommunen og private må bidra i tillegg, understreka Hauge.

Posisjonspartia støtta rådmannen sitt forslag, men la vekt på at det ikkje betydde at dei ville satsa mindre på fiberutbygging.

– Eg er gjerne med og løyvar meir pengar til fiber, men då må det vera med bakgrunn i ei sak frå rådmannen som viser behov, prioriteringar og finansiering – ikkje med «tenk på eit tal» under behandlinga av årsrekneskapen. Me må driva realpolitikk, ikkje symbolpolitikk, sa varaordførar Anita Husøy Riskedal (Sp).


Sagt i debatten:

– Framskrivingane av folketal viser at me skal bli stadig færre og stadig eldre i Hjelmeland. Det er ei utvikling me må snu. Det er den viktigaste jobben vår. Samtidig må me ikkje svartmala. Sjølv om folketalet går opp og ned frå år til år, har det vore ganske stabilt i mange år. Det er 69 fleire innbyggarar i dag enn det var i 1975.

Arne Kleppa (Sp)

HELLER FINGEREN: Njål Skår meinte Hjelmeland har hatt ein reell nedgang i folketalet om det blir målt mot kommunane rundt oss, og åtvara mot å stikka hovudet i sanden og berre måla det mot eigne, historiske tal.

HELLER FINGEREN: Njål Skår meinte Hjelmeland har hatt ein reell nedgang i folketalet om det blir målt mot kommunane rundt oss, og åtvara mot å stikka hovudet i sanden og berre måla det mot eigne, historiske tal.



– Me må stikka fingeren i jorda, ikkje hovudet i sanden. Ein auke på 69 innbyggarar er i realiteten ein nedgang når folketalet i resten av landet har auka med 46 prosent i same perioden. Me skulle ha vore over 4.000 i Hjelmeland om me følgde den same veksten.

Njål Skår (H)


– Skal me lukkast med å få fleire innbyggarar, må me satsa på alle bygdene i kommunen. Det har vore mykje snakk om sentrum i det siste, med sentrumsprosjekt og Vågen 360 og blomster. Me må ha levande bygder i heile kommunen.

Johannes Soppeland (KrF)


– I samband med Vågen 360 og blomsterprosjekt og slikt, har det blitt sagt at rådmannen berre pyntar rundt sin eigen navle. Eg vil forsikra kommunestyret om at i rådmannen sin navle er det plass til alle bygdene.

Rådmann Wictor Juul

Artikkeltags