Rådmannen føreslår dobbelttimar i symjing for elevar frå Fister og Årdal

Med dagens ordning mistar elevane frå Årdal og Fister 20 timar gym på grunn av busstransport til symjing på Hjelmeland. Om dei går over til dobbelttimar i symjing annakvar veke i staden for enkelttimar kvar veke, mistar dei berre ti timar gym.