Sjølv om det framleis vil vera restriksjonar på grunn av smittevern i vekene som kjem, lettar regjeringa litt på trykket. Det betyr at i vekene framover mot 1. mai blir skular og barnehagar opna litt etter litt, og forbodet mot å bu i fritidsbustad i andre kommunar blir oppheva.
Dette er nokre av hovudpunkta:
– Barnehagane opnar i perioden 20. april til 27. april
– 1. til 4. trinn på skulane, og SFO, opnar frå 27. april
– Universitet og høgskular opnar delvis frå 27. april
– Avgangselevar på vidaregåande skular får gå på skulen att om det kan gjerast på ein smittevernfagleg betryggande måte
Flere er blitt friske i Strand: Smittevernlegen håper ikke skolene åpner etter påske
– Frisørar og hudpleiarar kan halda ope frå 21. april, med krav om smitteverntiltak
– Hytteforbodet blir oppheva 20. april, men folk blir framleis oppfordra til å unngå fritidsreiser