Rektoren er glad for at det er liv og røre igjen på Forsand skule

71 elevar frå første til fjerde klasse begynte på Forsand skule på måndag etter mange veker heime. Rektor Monica Helgøy er glad for at det igjen er liv på skulen, og skryt av innsatsen til både elevar, dei tilsette og føresette.