– Svein lagar vanlegvis ikkje lyd medan han søv, eg trur det var det som gjorde at eg vakna. Viss han hadde vore ein som snorka, trur eg at eg hadde vakna med ein som låg død ved sida av meg, seier 39-åringen stille.

Det har gått nesten sju veker sidan ho gjorde alt rett.

– Då eg ikkje fekk kontakt med han, fekk eg sett han opp i senga, og sette meg mellom beina hans og skrudde på nattbordlampa, fortel Renate Eie.

Det synet ho då fekk sjå gløymer ho aldri.

– Auga hans var så blå. Du veit kor blå auge Vibeke Skofterud hadde, sånn var dei, og Svein har ikkje så blå auge. Han var askegrå og heilt gjennomblaut.

– Herregud, han pustar ikkje, tenkte eg. Så fekk eg han ned på golvet og treiv mobilen.

Fekk nytte av førstehjelpskurs frå Nordsjø-jobben

Ho ringde 113 og sette mobilen på høgtalar, medan ho begynte med hjarte- og lungeredning.

Eie har tatt avanserte førstehjelpskurs gjennom offshorejobben i Equinor. Det er ho glad for.

– Eg talde høgt medan eg tok kompresjonane, slik me har lært på kurs, seier Eie.

Dette gjorde ho vidare medan ho kom i kontakt med naudsentralen, som sende ein ambulanse med ein gong.

– I 10 minutt gjorde ho hjarte- og lungeredning på meg heilt aleine. Ho heldt liv i meg. Det er sterkt gjort – dei kan prøva dei som vil, slår Svein Magne Løvås fast.

Då ambulansefolka kom fortsette dei med HLR og nytta hjartestartar, og etter kvart vakna Løvås.

Medan legen og ambulansepersonellet jobba med mannen hennar, pakka Eie bagen.

– Eg pakka to sett med klede, tannkost og hugsa til og med flippersane, ler ho.

I 10 minutt gjorde ho hjarte- og lungeredning på meg heilt aleine. Ho heldt liv i meg.

Svein Magne Løvås

Tett hovudåre til hjartet

Klokka 03.10 var ambulansen med Løvås på veg til sjukehuset, 40 minutt etter at ho ringde naudtelefonen.

Etter to og ein halv time etter hjartestansen var Svein Løvås ferdig operert. Det var ei hovudåre til hjartet som hadde gått tett. Noko som er arveleg, fortel han.

Vanlegvis tar slike operasjonar ein halvtime, fortel Eie, men med mannen hennar tok det halvannan time fordi det var så tett og komplisert.

48-åringen spring og trenar mykje, helst kvar dag. Han har vore med i fleire løp.

Den måndagen hadde han vore på den stengde vegen på Tysdalsstranda og sprunge eit lite løp på 10 kilometer.

– Eg kunne like greitt ha blitt liggande der, for åra mi var heilt tett, seier han.

– Med hjartestans er det ofte ingen symptom i førevegen, som det for eksempel kan vera ved infarkt. Eg hadde ingenting vondt og sovna rett og slett bare inn, fortel Løvås vidare.

Takkar kona for livet

Både Løvås, ambulansepersonellet og hjartelegane på sjukehuset er imponerte av innsatsen til Renate Eie.

– Ambulansepersonellet sa at dei kom til dekka bord. Renate gjorde også ein så god jobb at det ikkje er nokre skader på hjartet, det er veldig uvanleg, seier han.

Å vera så nær døden har sett spor i dei begge.

– Hadde Renate sove eitt halvt minutt til, hadde ho vakna til ein som låg kald ved sida av seg, seier Løvås.

I dag har paret to års bryllaupsdag. Svein Løvås har lagt ut eit innlegg på Facebook-profilen sin der han gratulerer kona med dagen. Her skriv han blant anna:

« ... for ein helt du er, kjære, jeg hadde ikke vært her uten deg. Er så utrolig stolt og imponert av hva du kan og hva du får til…».

Kom nærare kvarandre

Då lokalavisa tar kontakt etter å ha sett Facebook-innlegget, seier han:

– Eg kunne ha skrive mykje meir. Eg trur ikkje folk forstår kor stort det ho gjorde er. På sjukehuset måtte eg lova å kjøpa blomster og ta ho med ut på ein betre middag.

– Den eine av legane på sjukehuset sa at ho kunne jo også hjarte- og lungeredning, men at ho ikkje visste om ho ville ha klart å gjera det på mannen sin. Det er ein ting å kunna ting, men ein annan ting å gjera det når det er alvor, held Løvås fram.

Rett før dei sovna om kvelden måndag den 20. juli spurde Renate Eie mannen om han trudde at dei kom til å ha det så godt saman resten av livet. Løvås svarte ja.

– Me trudde ikkje me skulle komma nærare kvarandre enn me allereie var, men dette blei toppen av kransekaka. Å oppleva noko så dramatisk og komma gjennom det saman, det har gjort noko med oss, slår Eie fast.

– Eg trudde ikkje forholdet mellom oss kunne bli sterkare, men det kunne det. Det er heilt spesielt, legg Løvås til.

Dei føler seg heldige, og skryt av både ambulansepersonellet og helsepersonellet på sjukehuset.

Me trudde ikkje me skulle komma nærare kvarandre enn me allereie var, men dette blei toppen av kransekaka.

Renate Eie

Hadde marginane på si side

– Me kan ikkje skryta nok av helsepersonellet. Når det står om livet er samfunnet vårt bygd opp på ein fantastisk måte, slår Eie fast.

– Når du får hjartestans utanfor sjukehuset tel sekunda og minutta. Svein hadde all den flaksen han kunne ha. Det kunne jo ha skjedd medan eg var i Nordsjøen, held ho fram.

Det å trena er ein viktig del av livet til Svein Løvås. Etter hjartestansen har han naturleg nok måtta ta det litt rolegare, men han er framleis ute nesten kvar dag og trenar.

– Eg har lært at treninga ikkje er det viktigaste i livet. Det viktigaste er å overleva og kunna sjå ungane sine veksa opp. Eg trur likevel at eg kjem til å komma tilbake dit eg var og kunna trena slik eg gjorde, slår Løvås fast.

Det at han er så godt trena, hadde nok også noko å seia på utfallet av hjartestansen.

– Den eine legen sa at eg hjartet mitt var ein V8-motor, men det nyttar lite når motoren ikkje får bensin, smiler 48-åringen.

Paret har vald å vera opne om hjartestansen. Det har vore ei styrke for dei, for ei så dramatisk hending set spor og då hjelper det å kunna snakka ope om det.

– Me set pris på dei gode medmenneska me har rundt oss. For oss har det vore godt at folk kan ringa og spørja oss og så fortel me, i staden for at dei skal gå og skjegla på deg når dei treff deg, seier Løvås.

Les også

For tre år sidan måtte Tomas (20) lære å gå og snakke på nytt. I helga fullførte han ein ekstrem-triatlon

Les også

Aslaug Elin vil ikke ha et samfunn uten mennesker som datteren Elise: – Ingen har lært meg så mye om livet som hun har

Les også

Systrene tok grep då faren blei dødssjuk: Flytta inn med foreldra igjen