Gå til sidens hovedinnhold

Råtassar til vanns og til lands i Lysefjorden

03. august 2019, kl. 20:20

Deltarane i Rockman Swimrun i Lysefjorden starta å symja frå Fantahålå til Refså, deretter sprang dei opp til Revsvatnet, symde bort til Preikestolhytta, sprang vidare innom Lammatoknuten, Preikestolen, Bratteli, symde frå Bratteli til Bakken, sprang så til Songesand og vidare til Kåsen, kor dei hoppa i fjorden igjen og symde til Flørli. I Flørli gjekk løpet vidare opp trappene, ei rundløype på toppen innom to vatn og med målgang nede i Flørli igjen. Den lengste løypa strekk seg over 10 symjeetappar på totalt seks kilometer og 33 kilometer til fots og over 2500 høgdemeter.