Dei folkevalde sa i sommar at dei ynskte eit alternativ som går ut på at annankvar buss frå Tau og Jørpeland går til Stavanger når Ryfast står klar til bruk. Bakgrunnen var at Kolumbus hadde sendt på høyring eit utkast med fire alternativ til ruteplanar. Det alternativet som politikarane i Strand gjekk inn for, alternativ 2, er ikkje Kolumbus sitt fyrsteval. I ei vurdering som Strand kommune har mottatt frå det fylkeskommunale kollektivselskapet går det fram at Strand sitt alternativ vil gje eit uryddig ruteoppsett.

Det alternativet som Kolumbus meiner er best, vil bety at alle som skal reisa til og frå Tau med buss, må byta på Solbakk. Kolumbus vil at hovudlinja heile døgnet skal vera mellom Jørpeland og Stavanger.

– Me ser at det er ei større kundegruppa frå jørpelandsområdet, og meiner det er viktig å ha bussbyte på bussar frå områda med minst passasjergrunnlag, skriv Kolumbus, som ynskjer å bygga opp eit godt buss-knutepunkt på Solbakk. Kolumbus synest det vil bli lettare å tilpassa bussane frå Tau-området, då dei har kortare køyretid.

Frå Jørpeland ser Kolumbus for seg avgangar kvart kvarter i rushtida. Turen frå Kvitemyrstien på Jørpeland, gjennom Ryfast og fram til den siste haldeplassen i Stavanger sentrum, er rekna å ta 52 minutt – med ni minutt kortare tid frå kyrkja på Jørpeland. Frå terminalen på Solbakk til haldeplassen i Stavanger sentrum er køyretida førebels sett til 34 minutt. Frå Tau til Statoil Vest på Forus er det rekna med ei reisetid med buss på 45 minutt.

Alf Henning Heggheim (Sp) reagerte på at bussane skal bruka så lang tid mellom Strand og Stavanger, då formannskapet i Strand onsdag kveld blei orientert om vurderinga til Kolumbus.– Ruteutkasta viser at det vil ta nesten ein time å reisa med buss frå Jørpeland til Stavanger. Det er lagt opp til «mjølkeruter», men pendlarane har behov for direktebussar som bruker kortare tid, sa han.

I møtet blei det uttrykt skuffelse over at Kolumbus ikkje har tatt omsyn til Strand kommune sine ønsker.

– Me har ikkje blitt høyrt i det heile tatt, sa Heggheim. Han fryktar at Kolumbus sitt alternativ vil gå ut over den interne kollektivbruken i Strand, særleg mellom Tau og Jørpeland, når det må bytast buss på Solbakk. Han meinte kommunen burde senda Kolumbus eit klagebrev.

Heggheim fekk delvis støtte frå Helge Steinsvåg (Ap). Han påpeikte at det i delar av døgnet, når trafikken er størst, vil vera behov for direkteruter for pendlarar og skuleelevar. Dette lova ordførar Irene Henge Lauvsnes (H) å ta opp med Kolumbus.