Nå blir det hurtigbåt frå Jørpeland i ein månad etter Ryfast har opna

FRAMLEIS HURTIGBÅT: Statens vegvesen har leigd ein hurtigbåt frå Kolumbus, som skal gå på fjorden den første månaden Ryfast er open.

FRAMLEIS HURTIGBÅT: Statens vegvesen har leigd ein hurtigbåt frå Kolumbus, som skal gå på fjorden den første månaden Ryfast er open.

Mange pendlarar er uroa for kva som vil skje på Bybrua når Ryfylketunnelen opnar 30. desember. Nå leigar vegvesenet ein hurtigbåt fram til Hundvågtunnelen opnar for å unngå kaos på Hundvåg.

DEL

Pendlarbåten skal kjøra ein gong frå Jørpeland om morgonen og ein gong frå Stavanger til Jørpeland på ettermiddagen. Ruta er ikkje sett opp ennå.

I samband med at Ryfylketunnelen opnar 30. desember og Hundvågtunnelen opnar ein månad seinare, er det uttrykt frykt for trafikale problem med auka trafikk frå Ryfylke, som kan skapa kø over Bybrua i Stavanger, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– For at pendlarane frå Ryfylke skal ha eit fullgodt transporttilbod til me opnar Hundvågtunnelen, og for å avlasta trafikkmengda gjennom Hundvåg, har me leigd inn hurtigbåt frå Kolumbus, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Takstane blir som i dag, medan Statens vegvesen ved Ryfast-prosjektet betaler kostnadene som takstane ikkje dekkar inn.

Hurtigbåten som går i dag skulle opphavleg slutta å traffikera fjorden når Ryfast opna.

– Me jobbar så raskt som muleg for å få opna Hundvågtunnelen, men det er strenge krav til sikkerheit som skal bli testa. Går alt etter planen opnar me Hundvåg- og Eigasnestunellen i februar neste år, begynner Eiterjord.

– Eg registrerer at det er fleire som stiller spørsmål om kvifor sikkerheitstestinga tar så lang tid, men det er for brukarane sin sikkerheit at me må vera 100 prosent sikre på at alt fungerer som det skal. I tillegg skal naudetatane ha tilgang til tunnelane for å kunna øva på sine naudprosedyrar, held Ryfast-sjefen fram.

Artikkeltags