Ryfylke Brygge Eiendom fekk støtte til hotellprosjekt: – Målet er ny hotelldrift på Hjelmeland om tre-fire månadar

Det er vel eit år sidan Spa-hotell Velvære gjekk konkurs. Selskapet Ryfylke Brygge Eiendom AS, som eig hotellokala på Hjelmeland, har sett i gang eit prosjekt dei håpar skal resultera i ny drift.