Karen og biblioteket vil ha ungane til å lesa i sommar

For tredje året på rad inviterer Ryfylkebiblioteket i Strand ungar på Sommarles. Denne kampanjen er for dei som skal begynna på skulen til hausten og for dei som går i første til sjuande klasse. I 1C ved Resahaugen skole er det fleire elevar som vil vera med.