Kvalvågvegen skal asfalterast: Må køyra om Oanes

ASFALT: Asfalteringsarbeid vil gje dårleg framkomst i Kvalvågvegen.

ASFALT: Asfalteringsarbeid vil gje dårleg framkomst i Kvalvågvegen.

Tysdag startar Statens vegvesen asfaltering av fylkesveg 4638 (Kvalvågvegen) i Strand. Det gir dårlegare framkomst for fastbuande, hyttefolk og andre trafikanter.

DEL

Asfaltarbeidet vil føra til dårlegare framkomst i Kvalvågvegen dei neste vekene. Vegen blir stengt og Statens vegvesen ber bilistar køyra rundt, via Oanes. Arbeidet skal vera ferdig i veke 36.

– Viss huseigarar eller hytteeigarar skal inn eller ut av eigedommen akkurat der me asfalterer, så ordnar me det. Andre bilistar må køyra rundt via Oanes. Me har dirigentar til stades som hjelper og rettleiar. Naudetatar og bussar i rute slepp gjennom, seier byggeleiar Kjetil Tollefsen i Statens vegvesen.

– Me gjer ingenting i krysset til Idse, så krysset er alltid ope frå Oanes-sida, legg Tollefsen til.

Arbeidstida er frå klokka 09:00 til 22:00, frå måndag til og med torsdag, denne og neste veke. Vegen er open frå fredag til sundag. Som alltid når det er asfaltering; arbeidet er avhengig av at vêret er greitt.

Artikkeltags