Gå til sidens hovedinnhold

Sandnes gir ut ni millionar koronakroner

Som ein av dei verst ramma kommunane i landet når det gjeld arbeidsløyse som følgje av korona, skal Sandnes kommune nå dela ut ni millionar kroner som skal stimulera det lokale næringslivet.

Rådmannen føreslår at dei statleg løyvde millionane blir fordelt på fleire aktørar innan dei bransjane som slit mest på grunn av pandemien.

Her er forslaget til fordeling av koronamidlane, som formannskapet behandlar i sitt møte i dag:

To millionar kroner til foreininga Værtskapet, som består av restaurantar og serveringsstader .

500.000 kroner til gategrunnleige, slik at serveringsbransjen ikkje treng å betala for leige av gategrunn i 2021.

Skjenkeavgifta blir kompensert med 300.000 kroner, slik at serveringsbransjen får trekt frå minimum 5300 kroner i avgiftsbeløp.

Sommarkampanjen Uti Sandnes får 800.000 kroner. Dette er ein kampanje i regi av Region Stavanger i samarbeid med Sandnes kommune.

Sandnes Sentrum AS får 400.000 kroner til tiltak og aktivitetar som skal gje auka omsetjing og aktivitet i bransjen.

Dei siste fem millionar kronene føreslår rådmannen å løyva til vedlikehaldsprosjekt som kan bli sette i gang raskt, slik at det også blir større aktivitet i bygg-, veg- og anleggsbransjen.

– Midlane skal bli nytta til tiltak og arrangement som bidrar til aktivitet og verdiskaping, samtidig som tiltaka kjem næringslivet til gode. Vidare skal dei bli nytta til vedlikehald av bygg, veg og anlegg, som blir utført av lokalt næringsliv og bridrar til aktivitet i bransjar med høg arbeidsløyse, peikar rådmannen på i saksutgreiinga til politikarane.

Det blir også vist til i saksutgreiinga at den statlege kompensasjonsordninga til næringslivet, der bedriftene sjølve søkjer om kompensasjon, blir ført vidare til ut april månad.

Kommentarer til denne saken