Sankefestivalen i Hjelmeland: Folk trassa regnet

Då arrangørane kom til Hjelmelandsvågen laurdag morgon, låg telta hulter til bulter etter vinden om natta. Alt var likevel klart til folk dukka opp om føremiddagen, og utover dagen kasta også sola glans over Sankefestivalen.