Gå til sidens hovedinnhold

Sara (7) og Anna (6 1/2) prøvde vippa på den nye leikeplassen i Lynghaugfeltet i Bjørheimsbygd

I helga var det høgtideleg opning av leikeplassen i Lynghaugfeltet. Tobarnsfar Stian Østerhus (33) frå Tau har budd i det kommunale bustadfeltet i sju år, og var ein av dei som tok initiativ til å få på plass leikeplassen.

For abonnenter

– Strand kommune hadde tomta til leikeplassen, men det tok litt tid før dei kom i gang. Derfor sende eg eit brev til kommunen tidleg i 2019, fortel Stian Østerhus.

– Eg fekk kjapt svar frå kommunen og fekk god dialog med dei. Me som bur i bustadfeltet fekk vera med og forma ut leikeplassen, held han fram.

Han fortel at det er 11 bustader i den øvre delen av Lynghaugsfeltet og tre i den nedre. Det er stort sett barnefamiliar som bur i feltet i fjellsida i Bjørheimsbygd.

– Me ønskte ein leikeplass som passar for ungar frå fem til 13 år, forklarer 33-åringen.

Under opninga av den nye leikeplassen var alle husstandane representerte, fortel han. Det er husker, eit klatreapparat, ei vippe og ein stor sandkasse på leikeplassen.

– Det var bålpanne, pølser og gløgg då me opna leikeplassen. Det var veldig koseleg og eg fekk snakka med alle, seier Østerhus.

Tobarnsfaren har familie frå Bjørheimsbygd, og fortel at han trivst godt i «Bygdå».

– Det er ein veldig fin plass å bu, og me har eit godt forhold i nabolaget. Eg pendlar til jobb på Forus, og med Ryfast bruker eg i underkant av 40 minutt til og frå jobb, seier Stian Østerhus.

Les også

Kommunen vil gjera private leikeplassar betre – men ikkje utan å stilla krav

Kommentarer til denne saken