Arkitekt Kirsten Welschemeyer: – Løft sentrumsblikket og sjå framover

Kirsten Welschemeyer frå Mad Arkitekter håper folk i Hjelmeland ikkje gløymer at dei skal planlegga eit sentrum for mange tiår framover. Fylkesutvalet sa denne veka nei til å utvida forretningsområdet rundt Sandetorjå, og prisa valet av Vågen som sentrum.