Gå til sidens hovedinnhold

Sevrin og dei andre elevane i kulturskulen har hatt mange konsertar i førjulstida: – Nådde heldigvis siste framsyning dagen før smittetiltaka blei strengare

Rektor i kulturskulen i Hjelmeland, Hans Widerøe, fortel at det starta med konsert på Årdal omsorgssenter sin haustbasar 18. november. Deretter har det vore elevkonsertar med mange unge musikarar på dei tre skulane, før det slutta med danseframsyningar på samfunnshuset 14. desember. – Då var smittevernet skjerpa inn, så me måtte gjennomføra danseframsyninga to gonger med to ulike publikum. Me var likevel heldige, for dagen etter blei reglane endå strengare, seier Widerøe. Kulturskulen har i år 120 elevar. Nokre av dei er med på fleire ting, så det er totalt 150 elevplassar som fordeler seg med ein tredel på dans og to tredelar på musikk. – Og så er me så heldige at me stabile og dyktige lærarar som bidreg til å halda interessa for kulturskulen oppe, meiner Hans Widerøe.

Du har nå sett Sevrin og dei andre elevane i kulturskulen har hatt mange konsertar i førjulstida: – Nådde heldigvis siste framsyning dagen før smittetiltaka blei strengare