Silje Sværen (SV) lurte på om saka om tapte kraftpengar endrar samarbeidsklimaet mellom rådmann og politikarar. – Nei, svara ordføraren

Hjelmeland kommune har truleg gått glipp av inntekter på vel 10 millionar kroner på konsesjonskraft dei siste åra. SV-representanten Silje Sværen stilte spørsmål ved om dette gjorde forholdet mellom rådmann og kommunestyre dårlegare.